Skaff eigen IT-konsulent - inngå serviceavtale
Mange bedrifter ønskjer ein eigen IT-ansvarleg, men synest det blir for dyrt. Andre har erfart at det er svært vanskeleg å få tak i IT-fagfolk.
Då kan løysinga vere å leige ein IT-konsulent på fast basis frå Industridata as.
På denne måten får du ein eigen IT-ansvarleg utan å måtte tilsette ein ekstra person.
Stadig fleire vel outsourcing framfor å drifte eigne dataanlegg.
Leige av IT-konsulent gir tryggleik:
- de kjøper ein "pakke" med timar som de brukar gjennom året.
- kostnadane de har med å leige ein IT-konsulent er tilpassa dykkar eige reele timebehov for slikt arbeid
- de slepp å tilsette ein eigen IT-ansvarleg med dei kostnadane dette gir bedrifta.
- timeprisen på avtalefesta serviceavtale, er lågare enn for kundar utan avtale.
- ein unngår kostnader som skuldast uføresette, og ofte kostbare, driftsstopp/hendingar.